Finans og økonomi

Gøymde vekk 600 millionar

I alt var det 33 personar som tok kontakt med Skatt vest for å etterlikna bortgøymd formue og inntekt. Over halvparten av desse kom frå Hordaland.

- Med det etterlikna me ei formue på 565,1 millionar kroner og ei inntekt på 34,2 millionar kroner, fortel underdirektør Anna Kirkeluten i Kontroll- og rettsavdelinga i Skatt vest.

Kring 10 prosent av dei 295 som melde frå på landsbasis stamma frå Vestlandet.

- Talet på personar som har bedt om frivillig retting har aldri vore høgare, verken på Vestlandet eller i resten av landet, seier Kirkeluten.

Kontrollmogelegheiter

Slår ein saman totalen, tyder det at kvar og ein av vestlendingane heldt unna om lag 18 millionar kroner frå skattlegging.

- At talet er aukande, er viktig for oss. Samstundes verkar det som om folk flest skjønar at me har gode kontrollmogelegheiter. Difor vel dei heller å melda frå sjølve, enn å verta avslørte av skatteetaten, seier regiondirektør Karl Husabø i Skatt vest.

Dei seinaste åra har Skatteetaten hatt større fokus på skjult formue og inntekt i utlandet. Skatteparadis som Cayman Islands, Bahamas og Jersey har hamna på samarbeidslista til skattevesenet her heime.

Skjuler mest i Sveits

Aldri før har det vore fleire skatteparadis som utvekslar informasjon til Noreg.

- Det handlar om utanlandske bankkonti og utanlandske selskap. Me har betre kontroll enn nokon gong. Det gjev folk grunn til å melda frå frivillig, fortel Husabø.

Av nordmenn som melder frå, er Sveits det landet som tronar øvst på lista for å gøyma pengar. Dette gjeld både Vestlandet og Noreg elles.

I Skatt vest var åtte av 33 saker frå Sveits. Resten av pengane var fordelte på ei rekkje ulike land – òg Noreg.

«Gamle pengar»

Ofte gjeld sakene «gamle pengar» som kan dukka opp i arveoppgjer, noko tidlegare saker vitnar om.

I 2013 stod to godt vaksne reiararvingar aleine for litt under halvparten av dei etterlikna formuesverdiane, på høvesvis 170 og 130 millionar kvar.

Begge hadde arva pengar frå avdøde foreldre, og pengane stamma opphavleg frå internasjonal shipping, utan at det var noko samanheng mellom sakene.

Med omsyn til teieplikt, kan ikkje Skatteetaten kommentera sakene for fjorårets oppgjer.

- Men det er gjerne i høve arveoppgjer at ein vert klår over skjult formue og inntekt. Nokre veit det kanskje allereie, men sit plutseleg med ansvaret og vil handsama pengane på ein ordentleg måte, seier regiondirektøren.

Opptil 60 prosent skatt

Sidan 2008 har Skatt vest handsama 157 saker. Det tilseier ei skjult formue på nærare 7,1 milliardar kroner og ei inntekt på 1,8 milliardar.

Gøymer ein vekk pengar frå skatteetaten, kan det kosta dyrt. Utanom renter, er følgjene ein tilleggsskatt på opptil 60 prosent om du vert teken. Rettspraksis syner også at fengsel ikkje er utenkjeleg straff.

Av sakene som vart melde inn til Skatt Vest i fjor, går mange av dei meir enn ti år attende i tid. Er pengane eldre enn dette, er det berre dei ti siste åra som vert skattlagde.

- Når det gjeld innmelding av inntekter frå utlandet, ser me ofte at heile beløpet går med i skatt viss dei vert avslørte, seier Husabø.

Kilde for: BT.no – Økonomi