Finans og økonomi

Millionbot til Firda Sjøfarmer


  • BOT: Selskapet Firda Sjøfarmer er ilagt bot for fiskerøming.

    FOTO: Arkiv Livar Aksnes

GULEN: Firda Sjøfarmer på Byrknes er ilagd ei bot på to millionar kroner for røming av regnbogeaure i 2012.


Publisert:

21.feb 2015 13:34


Oppdatert:

21.02 2015 13:34



Røminga skal ha skjedd frå lokaliteten Leiholmane i Hordaland i 2012. Då skal 123.000 regnbogeaura ha rømt frå anlegget, melder NRK Sogn og Fjordane.

Det er politiet i Hordaland som har ilagt bota, og ifølgje NRK har selskapet fått rabatt på grunn av at det har teke så lang tid å etterforska saka.

Selskapet får bot mellom annan fordi dei ikkje gav Fiskeridirektoratet melding om røminga slik dei er pålagde. Det skal heller ikkje ha vore sett i verk tilstrekkeleg tiltak for å hindra røming.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane skal selskapet no vurdera om dei skal godta bota eller ikkje. Viss selskapet nektar og saka går til retten, vert bota heva til 2,4 millionar kroner.



Kilde for: BT.no – Økonomi